top of page
Lindehus logo
Sognehus farger-transp-horisontal.png

Rødstokken – moderne einebustadar for den aktive familien

Ein heim med rom for kvardagen – midt i Sogndal.
 

I Rødstokken får du ein ny og moderne einebustad med alt lagt til rette for ein enkel og behageleg kvardag for heile familien. Her kan borna springe fritt, medan du nyt morgonkaffien med utsikt over Sogndalsfjøra og Sognefjorden.
Bustadane ligg roleg og solrikt til – like ved barnehage, skule og alt du treng i kvardagen. Her bur du sentralt, men samstundes tilbaketrekt. Perfekt for deg som ønskjer eit trygt og triveleg nabolag der både store og små kan trivast.

BRA-i: 

BRA-e:

Totalt:

Pris:

Hus 1

97,2 m²

 6,7 m²

103,9​​  m²

6.200.000,-​

Hus 2

97,2 m²

 24,8 m²

122​​  m²

5.990.000,-

Hus 3

97,2 m²

 24,8 m²

122​​  m²

6.200.000,-

BRA-i: Dette er arealet innenfor boenheten, altså det arealet som er til egen bruk.

BRA-e: Bod, garasje, sportsbod

BRA Totalt: Summen av BRA-i og BRA-e

Sognehus farger-transp-horisontal.png

Geir-Erik Røysi

Dagleg leiar

941 85 190

Terje Thorsnes

Byggeleiar

917 90 817

shutterstock_2323705013-artlist.jpg
Handlevogn i matbutikk.jpg

Foto: Shutterstock

Dagligvarer og handel

Butikkar, treningssenter og servicetilbod ligg berre få minuttar unna. Sogndal sentrum byr på eit levande nærmiljø med kafear, kulturtilbod og idrett for alle aldrar. Rema 1000 og Coop Extra ligg kun 6-7 minuttars gange frå Rødstokken. Det er kort veg til næraste busshaldeplass, med buss som tek deg raskt og enkelt til sentrum.
Her får du det beste frå to verdar – det moderne og det nære.

Barn leker på stubber.jpg

Foto: Shutterstock

Barnehage og skule

Stedje barnehage er nesten nabo til bustadane – det tek berre to minutt å gå dit. Kyrkjebakken barnehage og Fosshagen barnehage ligg òg like i nærleiken.
Kyrkjebakken barnehage er ein liten og triveleg barnehage med plass til berre 11 born i alderen 0–2 år. Det er gangavstand til både barne- og ungdomsskule, noko som gjer kvardagen enkel for både store og små.

Dagsturhytta.jpg

.Foto: Shutterstock

Tur- og treningsområdar

Langs fjordstien, som ligg berre eit lite stykke frå bustadane, kan du ta deg ein fin trimtur medan du nyt utsikta over fjorden. Frå sentrum i Sogndal kan du gå til Stedjeåsen og Dagsturhytta, eller opp til Åberge og videre til Hølsete. Frå Kjørnes har du ein fin tur til Hesteggi med vakker utsikt over Fjordbygda Sogndal.

I Sogndalsdalen er det eit eldorado av fjellturar frå lette til meir krevjande turar. Nokre anbefalte turar for barnefamiliar er frå Selseng til Anestølen, eller fra parkeringsplassen like ved Togga og gå inn i Laugadalen. Sjå fleier turar på ut.no.

Rødstokken 3_Final-edit.jpg

Lys, luft og kvalitet – alt i eit heim

Dei tre bustadane i Rødstokken er teikna med fokus på gode planløysingar, store vindauge og materialval med høg kvalitet.

 

Her får du:

  • Open stove- og kjøkenløysing med plass til heile familien

  • Tre soverom og god lagringsplass

  • Integrert garasje og enkel tilkomst

  • Store vindauge som slepper inn rikeleg med lys

  • Uteplass og hage der du kan nyte sola frå morgon til kveld

 

Dette er heimar som kombinerer funksjonalitet, komfort og stil, og som gjev deg alt du treng – utan oppussingsbehov.

Rødstokken_1_edit.jpg
Alpint.jpg
Skiløype i solnedgang.jpg

Et vintereldorado rett utanfor døra 

Sogndal skisenter ligg berre nokre få minutt i bil frå Rødstokken. Her finn du flotte skiløyper som vert preparerte så snart snøen kjem. Du har tilgang til ei 5 km lang lysløype og fleire andre løyper utan lys.

Hodlekve har fem skitrekk og fjorten nedfartar – frå enkle barnebakker til meir utfordrande terreng. For dei som ønskjer større utfordringar, finst det fleire spanande toppturmoglegheiter i området. Hugs at du ferdast på eige ansvar – følg alltid med på vêrvarselet før du legg ut på tur.

Er du klar for å flytte inn i framtida i Rødstokken?

Ta kontakt for meir informasjon eller for å avtale visning. Desse tre bustadane er noko heilt for seg sjølv – og dei ventar på nye familiar som vil skape sine eigne historier her.

Rødstokken_Ext 8-edit.jpg

Skildring av bustadane

På Rødstokken skal det byggjast tre einebustadar. Alle bustadane har eit BRA-i på 97,2 m². I tillegg har hus 1 eit BRA-e på 6,7 m², medan hus 2 og 3 har eit BRA-e på 24,8 m².
Inngangen er på hovudplanet, der du kjem inn i ei romsleg entré med god plass til garderobe. På dette planet finn du stova med open løysing mot kjøkenet, samt eitt soverom.
Underetasjen inneheld to soverom, gang med oppbevaringsmoglegheiter, kombinert bad/vaskerom og ein stor og praktisk bod.
Hus 1 har carport i tilknyting til huset, medan hus 2 og 3 har garasje. Hus 1 har i tillegg ein stor sportsbod med inngang frå hagesida, medan hus 2 og 3 har sportsbod i forlenginga av garasjen.

 

Kortfatta leveransebeskriving – innvendig

  • Alle tørre rom får kostemåla veggplater i standardfarge. I alle tak vert det levert måla takplater i fargen kvit.

  • På golv vert det lagt laminat, type Kronotex Mammut Oak Beige.

  • Vindauge og innvendige dører vert levert måla i fargen kvit. Alt listverk og MDF-utforingar vert òg levert måla kvitt.

  • På bad/vaskerom vert det levert baderomsplater på vegg og belegg på golv. Det er varmekablar i golvet, servant med innreiing under og opplegg for vaskemaskin.

  • Kjøken vert levert frå Aubo, med glatte frontar i fargen kvit.

  • Bustadane vert leverte med vedomn i stova – for ekstra varme og stemning på kalde dagar.

Kortfatta leveransebeskriving – utvendig

  • Husa vert levert med liggjande, måla kledning i fargen grå.

  • Taket har ru betongtakstein i fargen svart.

  • Der det på teikning er vist rekkverk, vert dette levert som glassrekkverk – moderne og stilreint, som slepper lyset inn og utsikta fram.

Rødstokken_bad.jpg

Kontakt oss

Dagleg leiar

Geir-Erik Røysi

941 85 190

Byggeleiar

Terje Thorsnes

917 90 817

Sognehus farger-transp-horisontal.png
Lindehus logo

Meld interesse for Rødstokken

shutterstock_2323705013-artlist.jpg
Lindehus logo

Kontakt oss

Furnesvegen 81, 2318 Hamar
Tlf. 908 53 908
E-post: post@lindehus.no

  • Facebook
  • Instagram

Nyttige lenker:

bottom of page